Ei rifle er eit to-hands skytevåpen med rifla løp, det vil seie at det innvendig i løpet har ei spiralform som set prosjektilet i rotasjon. Dette gjer at «kula» går lenger og beinare enn ho elles ville gjort.
Skytevåpen med rifla løp har funnest i over to hundre år. Riflene overtok etter kvart plassen til dei glattbora skytevåpna som fanst tidlegare, bortsett frå i hagler, som framleis er glattbora.
Ein person som jobbar med bygging og reparasjon av rifler vert kalla børsemakar.