Schwa er eit omgrep innan fonetikk for ein trykklett, redusert vokallyd klassifisert som ein sentral midtre vokal, det vil seia uttalt med tunga plassert midt i munnen. Ein uttaler schwa med avslappa tunge og lepper, og blir ofte rekna som uspesifisert for trekka høg, låg, fremre/bakre og rund. I det internasjonale fonetiske alfabetet blir schwa skrive som ein e snurra opp ned, ə. Namnet «schwa» kjem frå hebraisk sjevá, ein nøytral eller stum vokal.
Schwa er den vanlegaste vokallyden i engelsk, og finst til dømes som førstevokal i «again», midtvokal av «photograph» og sluttvokal i «mother». Mange andre vokalar blir reduserte til schwa når dei er i ei trykksvak staving. På norsk finn me ofte schwa i siste stavinga av hannkjønnsord i bestemt form, som «mannen», uttalt /manən/, og i nokre uttalar i slutten av infinitvsformer av verb, som «bite». I nokre høve kan schwa-lyden bli vidare redusert og forsvinna heilt, som når «mannen» får uttalen /man.n/. Schwa og schwa-reduksjon er utbreidd i fransk, der ordet «petit» kan uttalast anten /pəti/ eller redusert, som /pti/. Om ein legg trykk på stavinga som har ein schwa, til dømes ved svært tydeleg uttale eller i song, vil vokalen få ein annan vokalkvalitet enn schwa. Eit ord som «petit» får då uttalen /pøti/.