Seinantikken viser til den historiske tidsepoken som dekkjer overgangen mellom antikken og mellomalderen i Europa og andre middelhavsland. Omgrepet blei skapt på byrjinga av 1900-talet av den austerrikske kunsthistorikaren Alois Riegl. Presise avgrensingar for perioden er vanskelege å setja og er blitt mykje diskuterte, men som regel plasserer ein byrjinga frå styret til keisar Diokletian styre ved 284 e.Kr. og fram til dei muslimske erobringane, grovt rekna frå år 300 til år 600. Perioden blir òg tenkt å dekka slutten av krisetida til Romarriket på 200-talet (ca. 235-284) og fram til omorganiseringa av Austromarriket (eller Det bysantinske riket) under keisar Herakleios (død 641), og samtidig dei muslimske erobringane på 600-talet.
For Austromarriket går perioden anten fram til døden til keisar Justinian den store i år 565 eller den muslimske ekspansjonen på 600-talet. Denne fasen i austromersk historie blir òg kalla tidlegbysantinsk tid. Gjennom seinantikken gjekk Austromarriket gjennom ein endringsprosess med store tap av landområde, samtidig som den andre seinantikke stormakta Sasanideriket gjekk heilt under i 651.
Seinantikken utgjer det siste avsnittet av antikken. Han høyrer ikkje lenger til den «klassiske» antikken, men kan likevel ikkje heilt reknast til mellomalderen. Seinantikken er kjenneteikna av at tradisjonane til antikken er til stades, samtidig som det finn stad kristen-germansk omdanning og utforming. Medan historikarar tidlegare meinte det var snakk om ein nedgang, omtalar nyare historikarar epoken meir nøytralt som ein «transformasjon» eller endring av den antikke arven i tida mellom rundt 300 og 600. Ei særleg hending er sigersgangen til kristendommen og eit gradvis tap av førkristne kultar og tradisjonar. Også i kunsten og litteraturen oppstår dei ein eigen, karakteristisk stil – som også oppviser orientalsk innverknad – gjennom omforming og utforming av klassiske gresk-romerske former og tema til tilsvarande kristne former og tema.
Senantikken er òg karakterisert ved at Romarriket gjekk gjennom betydelege endringar sosialt, kulturelt og i statsforvaltninga som byrja med styret til keisar Diokletian, der ein byrja prosessen med å dela riket i ein austleg og ein vestleg del, kvar av dei styrt av talrike keisarar. Frå og med keisar Konstantin den store var kristendommen offisiell statsreligion, hovudstaden blei flytta frå Roma og til Konstantinopel, og den sakrale stillinga til keisarane blei sementert. Den same epoken er òg kjend som folkevandringstida, ved at store folkevandringar av germanske stammar forstyrra og reiv sund romersk styre frå slutten av 300-talet og framover. Dette kulminerte med at Romarriket braut saman i vest i år 476, og blei erstatta med germanske kongedømme. Den resulterande kulturelle fusjonen eller samansmeltinga av gresk-romerske, germanske og kristne tradisjonar danna det kulturelle fundamentet for Vest-Europa som kom til prega den vestlege mellomalderen.
Den generelle nedgangen i folketal, tap av teknologisk kunnskap og levestandard i Vest-Europa i løpet av denne perioden blei det arketypiske dømet på samanbrotet i samfunnet i følgje forfattarar frå renessansen og fram til moderne tid. Som eit resultat av denne nedgangen, og den relative knappleiken på historiske oppteikningar frå særleg Vest-Europa, har òg gitt denne overgangtida nemninga «den mørke tidsalderen», eit omgrep som i moderne tid er blitt erstatta med omgrepet seinantikken.