Sellemembranar eller plasmamembranar er biologiske membranar som omgjev ei selle. Dei er sette saman av eit dobbelt lipidlag med eit hydrofobt indre, og slepp ikkje inn ion og polare molekyl.[1] Gram-negative-bakteriar har to sellemembranar, ein indre og ein ytre.[2]
Sellemembranar kan ha mange protein knytte til seg, og det har vore estimert at 30 % av dei proteinkodande gena i menneskegenomet er integrale membranprotein.[3] Mellom desse proteina er protein som kan sleppa inn og ut ion (ionekanalar)[4], vatn (akvaporin)[5] og andre molekyl (til dømes glukosetransportørar[6]).
- ↑ «cellemembran» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta Henta 6. juli 2017.
- ↑ Bos, Martine P.; Robert, Viviane; Tommassen, Jan (2007). «Biogenesis of the Gram-Negative Bacterial Outer Membrane». Annual Review of Microbiology 61: 191–214. PMID 17506684. doi:10.1146/annurev.micro.61.080706.093245. Arkivert frå originalen 7. juli 2019. Henta 6. juli 2017.
- ↑ He, Yuan; Wang, Kan; Yan, Nieng (2014). «The recombinant expression systems for structure determination of eukaryotic membrane proteins». Protein & Cell 5 (9): 658. doi:10.1007/s13238-014-0086-4.
- ↑ «ionekanal» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta Henta 6. juli 2017.
- ↑ «akvaporiner» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta Henta 6. juli 2017.
- ↑ Wood, I. Stuart; Trayhurn, Paul (2007). «Glucose transporters (GLUT and SGLT): Expanded families of sugar transport proteins» (PDF). British Journal of Nutrition 89 (1): 3–9. PMID 12568659. doi:10.1079/BJN2002763.