Senja | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 69°20′N 17°30′E / 69.333°N 17.500°E
|
Areal | 1586,3[1] km²
|
Høgaste punkt | Breitinden (984 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms |
Største busetnad | Silsand (1315 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 7728 (2008) |
Folketettleik | 4,9 /km² |
Senja er ei øy i Troms. Øya er med eit areal på 1586,3 km2 den nest største i fastlands-delen av Noreg, og ligg i kommunen Senja, som også dekker ein del av fastlandet i aust. Før 2020 var øya delt mellom dei fire kommunane Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik. Øya har spreitt busetnad, fråflytta småsamfunn, levedyktige samfunn og i underkant av 8000 innbyggarar. Folkesetnaden er størst på innsida av øya langsetter Gisundet. Den største tettstaden på øya er Silsand, som ligg med Gisundbrua som knyter Senja til fastlandet. Det største fiskeværet på Senja er Gryllefjord i Torsken kommune, som har ferjesamband om sommaren til Andenes på Andøya i Vesterålen.
Senja har ein mangfaldig natur, og er derfor ofte kalla for eit «Noreg i miniatyr». Vestsida av øya vendar ut mot det opne havet og er lokalt kalla for Yttersida. Landskapet her er vêrhardt og prega av skjergard, sandstrender og bratte fjell som går rett ned i havet. Austsida av Senja, lokalt kalla Innersida, er lunare og har rolegare terreng med bjørkeskog, fruktbar jord og åsar. På den sørlege delen av Senja ligg Ånderdalen nasjonalpark.
Stadnamnet Senja går truleg tilbake til norrøne Senja, men opphavet er uvisst. Språkleg kan Senja henge saman med norrøne sundr i tydinga «sund», «ifrå kvarandre», «opprive». Ein annan teori er at namnet Senja kan vere ei fornorsking av det samiske namnet på øya, Sážža.