Senja prosti er eit tenestedistrikt i Nord-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete på Finnsnes. I geografisk utstrekking tilsvarar prostiet etter samanslåinga med Indre Troms prosti 1. januar 2020 kommunane Balsfjord, Bardu, Dyrøy, Lavangen, Målselv, Salangen, Senja og Sørreisa.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.