Sentrifugalkraft er eit uttrykk som kan referere til to forskjellige krefter, som begge er relatert til rotasjon. Begge er orientert bort frå rotasjonsaksen, men lekamen dei verkar på, er forskjellig.
Begge desse versjonane kan ein lett observere som passasjer i ein bil. Visst bilen svingar vil passasjeren bli pressa utover mot døra av bilen og utkanten av svingen.
I referansesystemet som roterer i lag med bilen ser det ut til at ei kraft pressar passasjeren bort frå senteret av svingen. Dette er ei fiktiv kraft, og ikkje ei faktisk kraft som kjem av ein annan lekam. Illusjonen oppstår når referansesystemet er bilen, fordi det ikkje tek med akselerasjonen til bilen. Ofte kan det derimot gje enklare utrekningar å setje referansesystemet slik at ein kan ta med dei fiktive kreftene og omhandle dei som «verkelege» krefter.
Krafta som passasjeren vert pressa mot døra av er likevel verkeleg. Denne krafta vert kalla ei reaksjonskraft, fordi bilen verkar mot kroppen til passasjeren. Sidan krafta er retta utover er det ei sentrifugalkraft. Merk at denne verklege sentrifugalkrafta ikkje oppstår før personen rører bilen. Bilen utøver òg ei like stor og motsett retta kraft på personen kalla sentripetalkrafta. Sentrifugalkrafta vert kansellert av sentripetalkrafta og nettokrafta er lik null, slik at personen ikkje akselererer i forhold til bilen.