Shaftesbury | ||
---|---|---|
Gold Hill | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Dorset | |
Distrikt | North Dorset | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
6 665 | |
Koordinatar | 51°0′N 2°12′W / 51.000°N 2.200°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SP7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1747 | |
Shaftesbury er ein by i Dorset i England. Han ligg ved vegen A30, like ved grensa til Wiltshire, på Cranborne Chase. Han ligg over 200 moh. og er etter Ashmore den nest høgastliggjande busetnaden i Dorset og den einaste byen i grevskapet som ligg så høgt. Han er òg ein av dei eldste byane til landet. Turisme er ei av dei viktigaste inntektskjeldene for byen.
Det er utsikt her over Blackmore Vale, som elva Stour renn gjennom. Frå utsiktspunktet er det mogleg å sjå heilt til Glastonbury Tor i nordvest og Purbeck i sør.
Mange av dei eldste bygningane er bygde med lokal sandstein, medan andre er reist med kalkstein frå Chilmark, mykje av han henta frå Shaftesbury Abbey etter at klosteret vart nedlagt.
Byen er kjent for Gold Hill, ein bratt, brusteinsbelagt gate som er attgjeve på omslaget til ei rekkje bøker om Dorset og den engelske landsbygda. Ved toppen av gata ligg St. Peters kyrkje, som er ein av dei få bygningane frå før 1700-talet som står i byen. Andre attraksjonar er ruinane av klostret og Wardour slott.
Shaftesbury hadde ein av dei siste marknadene for levande dyr i Storbritannia fram til 2004, då det vart nedlagt. Det er seinare opna ein stort supermarknad på staden. Det blir enno halde ein vanleg marknad i byen kvar torsdag.
Forfattaren Thomas Hardy, som budde ein periode i distriktet, er inspirert av byen i fleire av verka sine, og ein kjenner han igjen i den fiktive byen hans Shaston.