Shannon | |||
elv | |||
Carrick-on-Shannon-brua i Leitrim
| |||
Land | Republikken Irland | ||
---|---|---|---|
Sideelvar | Suck, Brosna | ||
Lengd | 386 km | ||
Kjelde | Cuilcagh i County Cavan | ||
Munning | Atlanterhavet via Shannon-estuaret | ||
Shannonelva 54°14′05″N 7°55′08″W / 54.2347°N 7.919°W | |||
Kart over Shannon
| |||
Wikimedia Commons: River Shannon |
Shannon (irsk Sionainn, alternativt Sionna) er den lengste elva på Irland og i Storbritannia med ei lengd på 386 km. Elva deler vestlege område av Irland (hovudsakleg provinsen Connacht) frå austlege og sørlege område (Leinster og det meste av Munster). County Clare er det største unntaket og ligg vest for Shannon, men er ein del av Munster. Elva er ein stor fysisk hindring mellom aust og vest med mindre enn tjue kryssingspunkt mellom byen Limerick i sør og byen Carrick on Shannon i nord.
Elva har vore ein viktig vassveg sidan antikken og vart først sett på kartet av Klaudios Ptolemaios. Elva renn hovudsakleg sørover frå Shannon Pot i County Cavan før ho snur vestover og munnar ut i Atlanterhavet gjennom det 113 km lange Shannon-estuaret. Limerick ligg der elva møter sjøvatnet i estuaret. Ho vert ikkje påverka av tidvatn aust for Limerick.