Sheffield | ||
---|---|---|
Rådhuset | ||
Byvåpenet til Sheffield | ||
Kallenamn «Steel City» | ||
Motto «Deo Adjuvante Labor Proficit» (Med Guds hjelp er arbeidet vårt suksessfylt) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Sameint styresmakt | |
Seremonielt grevskap | South Yorkshire | |
Grunnlagd | 700-talet | |
Borgarmeister | Alan Law | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
367,94 km² | |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
534 500 1 452,7 /km² 640 720 1 292 900 | |
Koordinatar | 53°23′01″N 1°28′01″W / 53.38361°N 1.46694°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | S | |
Telefon-retningsnummer | 0114 | |
Nettstad: www.sheffield.gov.uk | ||
Sheffield er ein by og ei de facto sameint styresmakt i South Yorkshire i England. Sjølve byen har ein folkesetnad på i overkant av ein halv million menneske, men med forstader bur det omkring 1,2 millionar der. Han er dermed blant dei ti største byane i England.
Det er mykje landsbygd som ligg innanfor bygrensa, og omkring ein tredjedel av området høyrer til Peak District nasjonalpark. Sheffield er den einaste engelske byen med status som city som har ein nasjonalpark innanfor bygrensa. Han blir rekna som ein av dei grønaste byane i England, med 150 skogområde og 50 offentlege parkar.
Dagens grenser vart fastlagt i 1974, då det gamle distriktet Sheffield vart slått saman med Stocksbridge bydistrikt og Wortley landdistrikt.