Skrog på skip og båtar er den flytande delen av skipet. Ulike typar skip har ulike skrogformer alt etter kva for eit behov dei har. Behovet vert stilt av ynskt fart, ynskt lasteevne, ynskt sjødugleik. Skroget på eit skip omfattar kjøl, spant (innvendige ribbar), kledning (hud), dekk og fast innreiing, men ikkje rigg, maskineri og ror. Skip og båtar kan ha ein, to eller fleire skrog. Ein toskrogsbåt vert kalla katamaran, treskrogs trimaran. Tidlege tankskip hadde enkelt skrog (single hull), medan det no er vanleg å byggja tankskipa med dobbelt skrog (double hull).
For å minimera motstand vert det ofte brukt ei tilnærma kule-, pære- eller dropeform i fronten både i fly- og skipsskrog. På fly er forma modifisert for å gje piloten det naudsynte synsfeltet. På skip vert denne kalla bulbbaug.
Lastelinjemerker på skrogsida viser kor djupt skipet ligg i vatnet og kor tungt det er lov å lasta eit skip.