Skjelkrypdyr | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av skjelkrypdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Infraklasse: | Lepidosauromorpha |
Overorden: | Lepidosauria |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata Oppel, 1811 |
Skjelkrypdyr (Squamata) utgjer ei av dei fire hovudgruppene av reptil (Reptilia). Med sine 11 867 kjente artar per 2025,[1] utgjer dei ein stor del av landvirveldyra, fleire enn pattedyrklassen, som tel rundt 6400 artar. Over 96 % av dei kjende nolevande reptilartane er skjelkrypdyr.[2]
Dei fleste skjelkrypdyr er middels store dyr. Dei største nolevande artane er nettpyton (Python reticulatus) og anakonda (Eunectes murinus), som kan bli seks til sju meter lange. Den minste arten er Brookesia micra, ein kameleon med stubbhale som berre blir tre centimeter lang. Alle skjelkrypdyr har ein meir eller mindre langstrekt kropp, ofte med sirkulært tverrsnitt, men han kan også vere flattrykt eller høgrygga, slik som kameleonar.