Skjorte (norrønt skyrta eigentleg 'kort plagg') er eit klesplagg for overkroppen med krage og lange eller korte erme og opning ved bringa eller nedover heile framsida. Skjorter blir gjerne lukka med knappar i opningen. Knappar kan også brukast til å halda nede snippen av kragen og til å samla mansjettar ytst på lange erme. Skjorter kan ha små brystlommer og eventuelt klaffar på ermene.
Skjorte er ein viktig del av formelle drakter som dress, kjole og kvitt og liknande. Medan plagget i tidlegare vestleg drakthistorie nærast var å rekna som eit underplagg for menn, er skjorte no eit vanleg ytterplagg for menn og kvinner. Bluse er eit liknande plagg som gjerne er lausare enn ei skjorte.[1]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ODS