Skoganvarre

Stortingets jernbanekomité ved Skoganvarre fjellstove i 1923
Skoganvarre kapell, bygt i 1963.
Foto: Helge Høifødt

Skoganvarre (nordsamisk: Skuvvanvárri, finsk: Skuukanvaara) er ei bygd ved foten av Skuvvanvárrefjellet, ved sørenden av Øvrevatnet i Finnmark fylke. Bygda vaks fram då staten bygde ei fjellstove der på midten av 1800-talet.[1] Ho ligg omlag midtvegs mellom Lakselv og Karasjok. I 2017 hadde Skoganvarre 54 innbyggjarar.[2]

Før det vart bygd veg, var fjellstova på Skoganvarre viktig for samferdsla mellom Lakselv og Karasjok, og mellom Alta og Tanadalen. Vegen mellom Lakselv og Skoganvarre vart opna i 1925, og vart etter kvart ført heilt fram til Karasjok. Etter dette var ikkje fjellstova på Skoganvarre like viktig som før. I 1944 vart både fjellstova og resten av bygda brende av tyskarane som del av den brende jords taktikk. Etter krigen vart ikkje fjellstova bygd opp att,[1] men i staden blei det opna campingplass her i 1969.

Skoganvarre er sjekkpunkt i Finnmarksløpet.

  1. 1,0 1,1 Bergh, R., Skuvvanvárri - Det susende fjell, Universitetsforlaget 1976.
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SSB

Skoganvarre

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne