Skotfoss

Ved Meierelva

Skotfoss er eit bustadområde i Skien kommune i Telemark. Staden ligg ved fossen med same namn, 5 km vest for bysenteret og er ein del av tettstaden Porsgrunn/Skien.

Skotfoss er òg ein foss i Skienvassdraget ved utløpet til elva av Norsjø. Skien-Bandak-kanalen vert her ført opp i Norsjø gjennom Løveid sluser. Fossen er bygd ut med ein kraftstasjon på 24 MW; 10 m bruttofallhøgd.

Namnet «Skotfoss» kan ha opphav i ordet skot, som ofte er brukt om terreng høveleg til å velte tømmer ned i ei elv.


Skotfoss

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne