Slaget om Stalingrad | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av austfronten under andre verdskrigen | |||||||||
![]() Gatekampar inne i byen Stalingrad | |||||||||
| |||||||||
Partar | |||||||||
Aksemaktene: |
Dei allierte: | ||||||||
Kommandantar | |||||||||
![]()
|
![]()
| ||||||||
Styrkar | |||||||||
750 000 | 1 143 000 | ||||||||
Tap | |||||||||
Minst 750 000 drepne | 470 000 drepne eller sakna |
Slaget om Stalingrad var eit stort militært slag på austfronten under andre verdskrigen. Slaget fann stad i og kring byen Stalingrad, no Volgograd. Slaget gjekk føre seg frå tidleg på hausten 1942 til 2. februar 1943, med svært intense kampar frå hus til hus i byen. Begge sider leid enorme tap. Slaget er i ettertid rekna som det avgjerande vendepunktet i krigen. Etter 2. februar 1943 måtte den tyske hæren i hovudsak forsvare seg mot framrykkjande styrkar frå den raude arméen, som kjempa i det som i Russland blir kalla den store fedrelandskrigen. Slaget blei særleg symbolsk av di byen var oppkalla etter den sovjetiske statsleiaren Josef Stalin.