Snow Hill Island | |||
øy | |||
Snow Hill Island, januar 1999
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | James Ross-øyane | ||
Del av | James Ross-øyane | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 64°28′S 57°12′W / 64.467°S 57.200°W | ||
Lengd | 32 km | ||
Areal | 371,2 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Snow Hill Island 64°28′00″S 57°12′00″W / 64.466666666667°S 57.2°W | |||
Wikimedia Commons: Snow Hill Island |
Snow Hill Island er ei nesten heilt snødekt øy utanfor austkysten av Den antarktiske halvøya. Ho er 32 km lang og 10 km brei. Mellom øya og James Ross Island i nordaust ligg Admiralty Sound. Ho er ei av fleire øyar kring Graham Land, som ligg nærare Sør-Amerika enn nokon annan del av kontinentet.[1]
Ho vart oppdaga 6. januar 1843 av ein britisk ekspedisjon under James Clark Ross, som trudde øya var ein del av fastlandet og kalla ho Snow Hill. Det vart oppdaga at ho var ei øy i 1902 av Den svenske antarktiskekspedisjonen under Otto Nordenskiöld, som overvintra i området frå 1901 til 1903 og nyttar ho som base for å utforske naboyane og Nordenskjold Coast på Den antarktiske halvøya.
Restane av trehytta som ekspedisjonen nytta under overvintringa er i dag ein av historiske stader og kulturminne i Antarktis verna under Antarktistraktaten.[2]