61°14′N 7°5′E / 61.233°N 7.083°E
Sogndal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Sogndalsfjøra | ||
Areal | 1 257,89 km² | ||
• land | 1 230,89 km² | ||
• vatn | 27,00 km² | ||
Folketal | 12 319 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Stig Ove Ølmheim (Ap) (2023) | ||
Kommunenr. | 4640 | ||
Sogndal kommune 61°13′47″N 7°06′02″E / 61.229722°N 7.100556°E | |||
Kart som viser Sogndal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sogndal | |||
Nettstad: www.sogndal.kommune.no |
Sogndal er ein kommune i Vestland fylke. Han ligg langt inne i Sognefjorden og grensar til Luster i nord og aust, Lærdal i sør over fjorden, Leikanger i sør og vest og til Balestrand i nordvest. Folk frå Sogndalsfjøra kallar seg sogndøler, medan dei som er busette i Fjærland ofte kallar seg fjærlendingar, folk i Norane nører og folk på Kaupanger kaupingar.
Innbyggjartalet er fordelt på Sogndal (rundt 5000) og Kaupanger (rundt 1500), samt Fjærland (rundt 300).
I tillegg til å vera ei fotballbygd (SIL) blir Sogndal kalla «Saftbygda» - mellom anna kallar supporterlaget til SIL seg for Saftkokaradn. Dette mykje på grunn av Lerum Fabrikker som har avdelingar i bygda. I tillegg til fotballproffar fostrar Sogndal òg Idol-deltakarar. I den tredje omgangen av den norske versjonen av Idol i 2004, deltok Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.