Solvorn | |||
stad | |||
Solvorn sett frå ferja som kjem frå Ornes
Foto: Eduardo | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Postnummer | 6879 SOLVORN | ||
Preposisjon | i Solvorn | ||
Solvorn 61°18′03″N 7°14′43″E / 61.30083333°N 7.24527778°E | |||
Wikimedia Commons: Solvorn |
Solvorn er ei bygd i Luster kommune i Vestland. Staden ligg på vestsida av Lustrafjorden, tvers overfor Ornes.
Her ligg Solvorn kyrkje frå 1883 og det over trehundre år gamle Walaker Hotell. Bygda har òg ein daglegvarebutikk og barneskule. Fylkesveg 5642 går mellom Solvorn og fylkesveg 55, og frå Solvorn ferjekai går det eit ferjesamband til Ornes.