Dei 17. olympiske sommarleikane | |
Deltakande nasjonar | 83 |
Deltakarar | 5348 (4738 menn, 610 kvinner) |
Øvingar | 150 |
Opningsseremoni | 25. august 1960 |
Avslutningsseremoni | 11. september 1960 |
Offisielt opna av | Giovanni Gronchi |
Sommar-OL 1960 vart halde i Roma i Italia. Sovjetunionen vart beste nasjon, medan Noreg tok 1 gullmedalje.
I desse leikane kom det andre OL-dødsfallet, då den danske syklisten Knut Jensen fall saman under løpet sitt. Han døydde seinare på sjukehuset og det blei funne spor etter amfetaminet Ronicol i blodet hans. Under OL i 1912 hadde maratonløparen Francisco Lazaro døydd under løpet sitt.
Sleggjekastaren Sverre Strandli bar det norske flagget under opningsseremonien på Stadio Olimpico.