Statsuniversitetet i St. Petersburg | |||
| |||
| |||
Motto | Hic tuta perennat, Здесь в безопасности пребывает | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 22. januar 1724 | ||
Rektor | Aleksandr Aleksandrov, Ljudmila Verbitskaja | ||
Stad | St. Petersburg | ||
Studentar | 26 000 | ||
Nettstad | http://www.spbu.ru/ (russisk) |
Statsuniversitetet i St. Petersburg (russisk Санкт-Петербургский государственный университет), grunnlagt i 1724, er eit av dei eldste, største og mest prestisjetunge universiteta i Russland. Under Sovjetunionen var universitetet kjent som Statsuniversitetet i Leningrad.
Universitetet består av 20 fakultet og 13 forskingsinstitutt, samt krigsskule og idrettsskule. Dei fleste av universitetsbygningane er i dei to store universitetsområda på høvesvis Vasilij-øya og i Peterhof. Universitetet har over 30 000 studentar, og over 10 000 tilsette.[1] Åtte tilsette ved universitetet har motteke Nobelprisen.