Stavang kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kinn | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Bru | ||
Fellesråd | Kinn | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ole Halvorsen | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 16. juni 1957 | ||
Sitjeplassar | 312 | ||
Stavang kyrkje 61°32′05″N 5°10′57″E / 61.5348°N 5.1825°E | |||
Wikimedia Commons: Stavang kirke |
Stavang kyrkje står i Stavang i Kinn kommune i Vestland og er ei mura langkyrkje frå 1957. Arkitekt for kyrkja var Ole Halvorsen.
Den noverande kyrkja erstatta ei trekyrkje frå 1873 som brann ned jola 1951. Gamlekyrkja var teikna av Christian Christie og likna mykje på Kyrkjebø kyrkje i Sogn.[1] Før 1873 hadde kyrkjestaden i soknet vore på Svanøy og der stod det fram til 1872 ei krosskyrkje i tre frå 1657. Før det att stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet på staden. Kyrkja som stod på Svanøy heitte Bru kyrkje, og soknet heiter framleis Bru.[2] Fram til 1922 heitte det Svanøy.
Kyrkja ligg i Bru sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.