Treng oppdatering |
Steinkjer kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Steinkjer | ||
Areal | 2 122,06 km² | ||
• land | 1 942,05 km² | ||
• vatn | 180,01 km² | ||
Folketal | 24 032 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Anne Berit Lein (Sp) | ||
Kommunenr. | 5006 | ||
Steinkjer kommune 64°00′47″N 11°29′49″E / 64.013055555556°N 11.496944444444°E | |||
Kart som viser Steinkjer kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Steinkjer | |||
Nettstad: www.steinkjer.kommune.no |
Steinkjer kommune (sørsamisk Stïentjen tjïelte) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar mot Namsos og Overhalla i nord, Snåsa i nordaust og aust, Verdal i sør, og mot Inderøy, Åfjord og Indre Fosen i vest .
Den 1. januar 2020 vart nabokommunen Verran slått sammen med Steinkjer. Ei grensejustering gjorde at grenda Verrabotn vart lagd til Indre Fosen kommune.
Steinkjer er administrasjonssenteret i fylket. Han ligg inst i Trondheimsfjorden og er derfor tilgjengeleg med båt, noko som har gjort handel til og frå byen enkel. I dag går E6 rett gjennom byen. Trønderbanen sluttar her og Nordlandsbanen frå Trondheim går vidare nordover. Bygrensa går i nord ved Sælisvingen og i sør ved Figga.
Steinkjer er ein by som i stor grad er grunnlagt på industri og jordbruk, men han har i det siste òg markert seg som eit senter for IT
Symbolikken bak kommunevåpenet var opphavleg at seks vegar møttest i byen, men det har blitt forandra seinare slik at byen nå er midten av stjerna, mens strålane står for dei seks tettstadene i kommunen: Beitstad, Egge, Kvam, Ogndal, Sparbu og Stod.