Stockholm | |||
by | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 187,16 km² | ||
Folketal | 984 748 (31. desember 2022)[1][2] | ||
Grunnlagd | 1252 | ||
Stockholm 59°19′46″N 18°04′07″E / 59.329444444444°N 18.068611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Stockholm |
Stockholm er hovudstaden i Sverige og administrasjonssenter i Stockholms kommun. Byen ligg ved innsjøen Mälaren sitt utløp i Austersjøen i landskapa Uppland og Södermanland, Stockholms län. Stockholm vert utgjort av 14 øyar og holmar. Dei er bundne saman av i alt 53 bruer. Aust for byen tek skjergarden til. Dei sentrale bydelane har rundt 989 612 innbyggjarar.[3] I Stockholms län bur i alt 2 454 000 menneske.[3]