Stordal gamle kyrkje | |||
Stordal gamle kyrkje | |||
Foto: Halvard Hatlen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Fjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Sokn | I privat eige (Fortidsminneforeninga) | ||
Type | åttekantkyrkje, sentralkyrkje | ||
Arkitekt | sokneprest Ebbe Carsten Tønder | ||
Teknikk | Tømra | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1789 | ||
• Endringar | 1862 (større vindauge) | ||
Tårn | Klokketårn over skipet | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Jesus på krossen | ||
Sitjeplassar | ? | ||
Diverse | Rosemåling av Andreas Reinholt og Webjørn Halling (Vebjørn Olsen Hamarsbøen), krusifiks frå 1200-talet | ||
Stordal gamle kyrkje 62°23′02″N 7°00′52″E / 62.38397°N 7.01434°E | |||
Wikimedia Commons: Stordal gamle kyrkje |
Stordal gamle kyrkje eller Rosekyrkja er ei åttekanta kyrkje i frå 1789 i Fjord kommune i Møre og Romsdal fylke. Rosekyrkja var i bruk som soknekyrkje til 1907 då den nye Stordal kyrkje vart innvigd. Den sju år eldre Norddal kyrkje skal vere den første åttekanta kyrkja på Sunnmøre. Sokneprest Ebbe Carsten Tønder (frå 1759 til sin død 1785) teikna Stordal gamle kyrkje og døydde fire år før kyrkja vart bygd, og ho må ha vore planlagt om lag samstundes med Norddal kyrkje. Tønder var frå Trondheim og kan blitt inspirert av dei to åttekantkyrkjene der.[1]
Fortidsminneforeningen eig kyrkja som ligg i eit lite bygdetun.[2] Prestestova som ligg like ved kyrkja har fungert som varmestove for dåpsbarn og kyrkjelyd, og til konfirmantundervisning og som overnattingsstad og skifterom for presten som ofte budde i ein annan del av prestegjeldet.