Stormsvale er ei fellesnemning for sjøfuglane funne i oseansvalefamilien og i stormsvalefamilien, begge i ordenen Procellariiformes, stormfuglar. Desse minste av sjøfuglane lever pelagiske og beitar på planktonkrepsdyr og småfisk som dei plukkar opp frå havoverflata, vanlegvis medan dei «vandrar» på overflata. Flukta er blaffrande og somme tider flaggermusaktig.
Stormsvalene har ein kosmopolitisk distribusjon, dei er funne på alle hava. Dei er strengt pelagiske og kjem på land berre for å reprodusere. For dei fleste artane finst det lite kunnskap om åtferd og utbreiing på havet, der kan stormsvalene vere krevjande å observere og vanskeleg å identifisere. Dei rugar i koloniar på isolerte øyar, viser sterk tendens til å vende att til kolonien og reirplassen kor dei vart fødde. Reirplassen ligg i sprekkar eller hòler og alle bortsett frå ein art er nattaktive. Parbanda er livslange og dei deler på ruging og fôring av ungar. I likskap med mange andre artar av sjøfugl har dei lang rugetid, opptil 50 dagar og etter det ca. 70 dagar før ungane er flygeferdige.
Fleire artar av stormsvaler er trua av menneskelege aktivitetar. Ein art, guadalupestormsvale, var tidlegare rekna som utdøydd og maoristormsvala vart gjenoppdaga i 2003. Det sterkaste trugsmålet mot stormsvalene er introduserte artar i hekkekoloniane, særleg pattedyr.