Sverre Fehn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. august 1924 Kongsberg kommune |
Død |
23. februar 2009 (84 år) |
Yrke | arkitekt, professor |
Språk | norsk, dansk |
Medlem av | Det kongelege svenske kunstakademiet |
Sverre Fehn på Commons |
Sverre Fehn (14. august 1924–23. februar 2009) er ein av dei internasjonalt mest kjende arkitektane frå Noreg.
Fehn voks opp i Kongsberg, og blei utdanna arkitekt ved Statens arkitektkurs i Oslo i 1949 og blei tidleg prega av læraren sin, Arne Korsmo. I 1952/53 heldt han til i Marokko, og året etter studerte han hos den franske arkitekten Jean Prouvé i Paris. Der blei han også kjend med Le Corbusier sine arbeid. I 1952 danna han og Arne Korsmo saman med sju andre unge arkitektar gruppa PAGON, som gjekk inn for ny, modernistisk arkitektur. Gjennombrotet sitt fekk Sverre Fehn saman med Geir Grung i 1955 med det modernistiske Økern aldershjem. Fehn har drive arkitektpraksis i Oslo og var professor ved Arkitekthøgskolen frå 1971 til han gjekk av med pensjon i 1995.