Sweet Talkin' Woman

Sweet Talkin' Woman
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Out of the Blue
B-side

«Bluebird Is Dead» (UK), «Fire On High» (US)

Utgjeve 12. februar 1978 (US), 7. oktober 1978 (UK)
Innspelt 1977 Musicland Studios, München
Sjanger Symfonisk rock, disco, kunstrock
Lengd 3:47
Selskap Jet
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Mr. Blue Sky»
(1978)
Sweet Talkin' Woman «Wild West Hero»
(1978)


«Sweet Talkin' Woman» er ein song frå 1977 av Electric Light Orchestra (ELO) frå albumet Out of the Blue. Den opphavlege tittelen var «Dead End Street», men dette vart endra under innspelinga, kanskje for å unngå forveksling med The Kinks-hitten frå 1966 med same namn. I teksten kan ein framleis høyre «I've been livin' on a dead end street» i eit av versa.[1]

Songen vart den tredje singelen deira frå albumet som nådde topp 10 på singellista i Storbritannia med ein sjetteplass.[2] Dei første trykka av 12" og 7" formata av singelen vart trykte i gjennomsiktig rosa vinyl.

Den amerikanske singelversjonen var 10 sekund kortare enn den britiske på grunn av ein noko raskare miks. I USA nådde singelen 17. plassen på Billboard-lista.[3]

  1. «Sweet Talkin' Woman by Electric Light Orchestra». Songfacts. Henta 15. februar 2015. 
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet UK
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet awards

Sweet Talkin' Woman

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne