Tenner er små, harde strukturar ein finn i munnen på ei rad virveldyr. Dei blir brukte som reiskap, mellom anna til å bita, tyggja og slåst med, og fleire andre tilleggsfunksjonar. Tenner er ikkje laga av bein, men er oppbygde av ulike vevstypar.
Tenner er festa i under- og overkjeven gjennom røter. Dei har ulik utforming etter kva bruksområde dei har. Tynne og skarpe framtenner kan til dømes brukast til å bita hol i eller riva sund noko, medan tjukkare jekslar kan kverna bitar mindre. Større tenner, som hoggtenner eller støyttenner, kan brukast til å føla seg fram, grava i jorda eller slåst med. Hjå menneske vert tennene òg brukte som taleorgan.