Tosenfjorden eller Tosen er ein fjord i Brønnøy og Bindal kommune i Nordland. Fjorden er ein nordaustleg arm av Bindalsfjorden lengst sør i fylket. Han er 37 km lang og 550 meter djup. Inst i fjorden ligg grenda Tosbotn.
Namnet på fjorden kjem av dialektuttrykket tosa, 'skodde'. Det siktar til at det ofte er skodde over fjella inst i fjorden.