Treskjering

Utskjering av ei treskei i Afrika.
Detalj av figurskjering frå Urnes stavkyrkje.

Treskjering eller treskurd er eit kunsthandverk der ein brukar knivar, meislar og andre verktøy til å utforma trevirke til nytte- og kunstobjekt. Tre er eit lett og mjukt materiale som ein kan skjera ut fine detaljar i. Teknikken kan til dømes brukast til masker, skulpturar og dekorasjonar av reiskapar, møblar, fargreier og bygningar.

Utskjering i tre er utbreidd gjennom svært mange kulturar, men tre held seg mykje dårlegare enn materiale som stein og bronse, fordi det lettare kan rotna, brenna eller øydeleggjast av insekt. Treskjering er derfor ofte gøymd frå kunsthistoria.[1] Utskore tre som står ute varer ikkje lenge dei fleste stader i verda, og ein kjenner derfor ikkje til kor lenge totempåletradisjonar har eksistert. Det finst fine døme på treskjering frå europeisk mellomalder, ofte med religiøse motiv.

  1. Sjå til dømes Martin Robertson, A shorter history of Greek art, s. 9, Cambridge University Press, 1981, ISBN 0-521-28084-2, ISBN 978-0-521-28084-6 Google books

Treskjering

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne