Tsjernobyl | |||
russisk Чернобыль, ukrainsk Чорнобиль, Tsjornobyl | |||
Forlaten by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kiev oblast | ||
Rajon | Ivankiv rajon | ||
Koordinatar | 51°16′20″N 30°13′27″E / 51.27222°N 30.22417°E | ||
Areal | 25 km² | ||
Folketal | 500 (2012) | ||
Grunnlagd | 1100-talet | ||
Postnummer | 07270 | ||
Retningsnummer | +380 4493 | ||
![]() Tsjernobyl 51°16′00″N 30°13′00″E / 51.266666666667°N 30.216666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Chornobyl |
Tsjernobyl (russisk Чернобыль) eller Tsjornobyl (ukrainsk Чорнобиль) er ein forlaten by i den avgrensa Tsjernobylsonen nord i Kiev oblast i Ukraina, nær grensa til Kviterussland. Byen var tidlegare det administrative senteret i Tsjernobyl rajon frå 1932.
Byen vart evakuert i 1986 som følgje av Tsjernobylulukka i Tsjernobyl atomkraftverk, 14,5 km mot nordvest. Atomkraftverket låg i Tsjernobyl rajon (Distrikt), men byen var ikkje bustad for arbeidarane på kraftverket. Då atomkraftverket vart bygt, vart Prypjat, ein større by som låg nærare kraftverket, bygt for å huse arbeidarane. Etter ulukka vart styret av Tsjernobyl rajon overført til nabodistriktet Ivankiv rajon.
Sjølv om byen i dag stort sett er tom, bur det eit fåtal folk i husa markerte med skilt som seier at «Eigaren av dette huset bur her». Arbeidarar på vakt og administrativt personell i evakueringssona er i dag stasjonerte i byen. Før evakueringa budde det kring 14 000 innbyggjarar i byen.[1] Byen Slavutytsj vart bygt spesifikt for å huse dei evakuerte menneska i Tsjernobyl og Prypjat.