Tsjernobylsona | |||
ukrainsk Зона відчуження Чорнобильської АЕС | |||
Sperre- og katastrofeområde | |||
Ein av inngangane til Tsjernobylsona
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kiev oblast | ||
Rajon | Ivankiv rajon, Poliske rajon, Narodytsji rajon | ||
Grensar til | Kviterussland | ||
Byar | Tsjernobyl | ||
Landemerke | Kopatsji | ||
elv | Pripjat | ||
Koordinatar | 51°18′00″N 30°00′18″E / 51.3°N 30.005°E | ||
Areal | 2 600 km² | ||
Folketal | Nokre få hundre | ||
Grunnlagd | 1986 | ||
![]() Tsjernobylsona 51°18′00″N 30°00′18″E / 51.3°N 30.005°E | |||
Wikimedia Commons: Chernobyl Exclusion Zone | |||
Nettstad: http://www.dazv.gov.ua/en/ |
Tsjernobylsona er det offisielle sperreområdet kring atomkraftreaktoren som eksploderte i 1986.[1] Området vert òg ofte berre kalla Sona.[1] Sona vart oppretta kort tid etter katastrofen i 1986 av det sovjetiske militæret, først i ein radius på 30 km kring atomkraftverket. Det vart opphavleg sett under militær kontroll.[2][3] I dag dekkjer sona eit mykje større område og vert styrt av Beredskapsdepartmentet i Ukraina. Sjølve atomkraftverket og sarkofagen som dekkjer den øydelagde reaktoren vert styrt separat.
Sperreområdet dekkjer eit område på kring 2 600 km²[4] i Ukraina kring Tsjernobyl atomkraftverk der den radioaktive forureininga frå nedfallet er størst og offentleg tilkomst og busetjing er avgrensa. Sona grensar til Kviterussland i nord.
Føremålet med sperreområdet er å avgrensa tilkomsten til farlege område, redusere spreiinga av radioaktiv forureining og utføre radiologiske og økologiske overvakingar.[5] I dag er området eit av dei mest radioaktivt forureina områda i verda og trekkjer til seg stor vitskapleg interesse på grunn av dei høge strålingsdosane som er påførte miljøet, og ein aukande grad av turisme.[6]
Geografisk dekkjer sona dei nordlegaste rajonane (distrikta) i Kiev og Zjytomyr oblast i Ukraina.