Tungmetall

For musikkforma, sjå heavy metal.
Osmium-krystall. Materialet har ein tettleik på 22,59 g/cm³, nesten dobbelt så mykje som bly.

Tungmetall er ei nemning brukt om metalliske grunnstoff med ein tettleik som er høgare enn 5 g/cm3, det vil seia minst 5 gonger større enn tettleiken til vatn. Stoffa er vanskelege å kvitta seg med og kan ikkje brytast ned til andre stoff, sidan dei er grunnstoff. Dei hopar seg derfor opp i organismar der dei kan gjera stor skade. Av desse grunnane blir mange tungmetall rekna som miljøgifter.

I miljøsamanheng reknar ein vanlegvis desse grunnstoffa som tungmetall: Arsen (As), bly (Pb), kadmium (Cd), kobolt (Co), kopar (Cu), krom (Cr), kvikksølv (Hg), nikkel (Ni), tinn (Sn), vanadium (V) og sink (Zn).


Tungmetall

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne