Turn to Stone

Turn to Stone
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Out of the Blue
B-side

«Mister Kingdom»

Utgjeve 29. oktober 1977 (UK), november 1977 (US)
Innspelt Musicland Studios (München i Tyskland), 1977
Sjanger Elektronisk rock, symfonisk rock
Lengd 3:47
Selskap Jet
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Telephone Line»
(1977)
Turn to Stone «Mr. Blue Sky»
(1978)


«Turn to Stone» er ein song frå 1977 av Electric Light Orchestra (ELO).

Songen er opningssporet på dobbeltalbumet Out of the Blue. Det var den første singelen frå albumet. Singelen nådde 18. plassen på den britiske singellista[1] og låg 12 veker inne på lista. Av dei fire singlane på albumet, var «Turn to Stone» den einaste som nådde topp 10 i Storbritannia. Songen nådde 13. plassen på singellista i USA[2] og gjekk heilt til topps i Canada tidleg i 1978.

Songen vart skriven i Sveits, der Jeff Lynne hadde leigd ei hytte for å skrive songane for dobbeltalbumet. Lynne spelte Moog-basslinja på songen.

Den 4. november 2008 fekk Lynne BMI (Broadcast Music, Inc) Million-Air-prisen fordi «Turn to Stone» hadde blitt spelt ein million gonger på radio.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet UK
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet awards

Turn to Stone

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne