Den tysk-austerrikske hoppveka (tysk: Vierschanzentournee, dvs. Firbakketurneringa) er ei årleg turnering innan skihopping. Hoppveka består av fire hopprenn (mellom andre Nyttårshopprennet) og har vorte arrangert kvart år sidan 1952. Som ein forstår av det norske namnet, blir renna arrangert i Tyskland og Austerrike. Ved sidan av VM og OL blir hoppveketrofeet rekna som det aller gjævaste ein skihoppar kan vinne.
Poengsummane frå kvart av dei fire renna blir lagt saman, og den totale poengsummen avgjer plasseringa til hopparane i hoppvekekonkurransen. I verdscupen tel kvart av hoppvekerenna som enkeltrenn.
Det er åtte norske hopparar som har vunne hoppveka samanlagt opp gjennom tidene. Desse er Anders Jacobsen (2006/07), Sigurd Pettersen (2003/2004), Espen Bredesen (1993/1994), Ingolf Mork (1971/1972), Bjørn Wirkola (1966/1967, 1967/1968 og 1968/1969), Torgeir Brandtzæg (1964/1965), Toralf Engan (1962/1963) og Olaf B. Bjørnstad (1953/1954).