Ulefoss | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Nome | ||
Areal | 2,29 km² | ||
Folketal | 2 299 (2023) | ||
Folketettleik | 1 004 / km² | ||
Postnummer | 3830 ULEFOSS | ||
Preposisjon | på Ulefoss | ||
Ulefoss 59°17′N 9°16′E / 59.28°N 9.27°E | |||
Wikimedia Commons: Ulefoss |
Ulefoss er ein tettstad i Nome kommune i Telemark fylke. Staden har 2 299 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved utlaupet til Eidselva, ved vestre breidda til innsjøen Norsjø. Ulefoss har ei lang historie som sagbruks-, jarnverks- og industristad. Sagverksdrifta starta alt på 1500-talet. Ulefos Jernværk vart skipa i 1657 og er framleis i drift.
Søve videregående skole (tidlegare Søve landbruksskule), Telemark fylkesbibliotek og Holla kyrkje ligg her.