Utrecht | |||
by | |||
|
|||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Provins | Utrecht | ||
Areal | 99,32 km² | ||
Folketal | 359 370 (1. januar 2021)[1] | ||
Grunnlagd | 47 e.Kr. | ||
Utrecht 52°05′27″N 5°07′18″E / 52.090833333333°N 5.1216666666667°E | |||
Kart som viser Utrecht.
| |||
Wikimedia Commons: Utrecht (city) |
Utrecht er ein by i Nederland og administrasjonssete i provinsen Utrecht. Han ligg i nordaustenden av Randstad og er den fjerde største byen i landet med over 300 000 innbyggjarar. Storbyområdet rundt Utrecht har opp mot 820 000 innbyggjarar.[2]
Utrecht sitt gamle bysentrum har mange bygg og strukturar frå byen vart grunnlagd og framover. Han har vore det religiøse senteret i Nederland sidan 700-talet. I dag er han sete for erkebiskopen av Utrecht, den øvste nederlandske leiaren i den romersk-katolske kyrkja.[3] Utrecht er òg sentrum for den protestantiske kyrkja i Nederland.
Utrecht har det største universitetet i Nederland og fleire andre høgare utdanningsinstitusjonar. På grunn av den sentrale plasseringa i landet er han òg eit viktig trafikknutepunkt for både veg og jernbane.