Utskjering er ein teknikk der ein bruker ulike reiskapar til å laga mønster, bilde, skriftteikn og symbol i eit materiale ved å skjera eller rissa bort noko av det. Ein kan skjera ut alle materiale som er solide nok til å halda på forma si når ein fjernar bitar frå det, samstundes som dei er mjuke nok til at ein klarer skjera bort bitar med dei verktøya ein måtte ha tilgjengelege. Vanlege utskjeringsmateriale er tre, stein og metall. Ein kan også skjera ut is og snø, bein og elfenbein, matvarer og ulike plantemateriale.
Utskjering skil seg frå skulpturmaking med mjuke materiale som leire eller smelta glas, som ein kan forma medan dei er mjuke og som sidan hardnar. Utskjering krev ofte meir arbeid enn arbeid med mjuke, formbare materiale.[1]