Uzjhorod | |||
Ужгород | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Zakarpattja oblast | ||
Rajon | Uzjhorod kommune | ||
Høgd | 169 moh. | ||
Koordinatar | 48°37′00″N 22°18′00″E / 48.61667°N 22.30000°E | ||
Areal | 31,56 km² | ||
Folketal | 116 400 (2010) | ||
Folketettleik | 3 688 / km² | ||
Grunnlagd | 800-talet | ||
Borgarmeister | Viktor Pohorielov | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 88000 | ||
Retningsnummer | +380 312 | ||
Uzjhorod 48°37′26″N 22°17′42″E / 48.623888888889°N 22.295°E | |||
Kart som viser Uzjhorod.
| |||
Wikimedia Commons: Uzhhorod | |||
Nettstad: https://rada-uzhgorod.gov.ua |
Uzjhorod (ukrainsk Ужгород) er ein by vest i Ukraina, ved grensa til Slovakia og nær grensa til Ungarn. Han er det administrative senteret i Zakarpattja oblast (region), og i Uzjhorodskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 110 000 innbyggjarar.
Byen har eit stort og viktig universitet, ein Škoda-fabrikk og eit slott. Sidan byen ligg nokre kilometer frå den slovakiske og ungarske grensa er han eit populært turistmål.
Den største folkegruppa i Uzjhorod er hovudsakleg ukrainarar, men det er òg mange etniske ungararar i byen. Ungarsk blir difor ofte brukt. Uzjhorod har ungarsk konsulat.
Før første verdskrigen tilhøyrde Uzjhorod den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. I mellomkrigstida tilhøyrde byen Tsjekkoslovakia. Ein kort periode var byen hovudstaden i Den ukrainske karpatske republikken, som vart leia av den lokale ukrainsk presten Avhustyn Volosjin. Etter Sovjetunionen sigra i andre verdskrigen tok Stalin området frå Tsjekkoslovakia og sameinte det med resten av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken.