Ein vaksen er ein person som blir rekna som fullt utvaksen og klar til å delta i samfunnet, til dømes gjennom arbeidsliv, ekteskap, økonomisk ansvar og politisk deltaking. I moderne tid vil dette gjerne seia etter at ein når myndig alder, i meir tradisjonelle samfunn gjerne frå ein når puberteten.
Før ein er vaksen blir ein rekna som barn eller ungdom. Vaksne kan delast inn etter kjønn, som kvinne og mann.