Vaktel | |
![]() | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() ██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
Slekt: | Coturnix |
Art: | Vaktel C. coturnix |
Vitskapleg namn | |
Coturnix coturnix |
Vaktel (Coturnix coturnix) er ein svært liten medlem i fasanfamilien, Phasianidae. Han er hovudsakleg ein trekkfugl, hekkar i det vestlege Palearktis og overvintrar i Afrika og Sør-Asia. Dette er ein sterkt trekkfugl, i motsetnad til dei fleste skogshøns i same familien.
Fuglen er liten, om lag 17 cm, og er vanskeleg å få auge på i feltet, både på grunn av den kamuflerande fargen i fjørdrakta hans, og fordi han gøymer seg i høgt gras.
Med det karakteristiske lætet av snøgge, trestavings ytringar, blir denne vaktelarten oftare høyrt enn sett. Han har lange venger samanlikna med andre hønsefuglar, og er ein trekkfugl. Han må ikkje forvekslast med engvaktel (Coturnix japonica), heimehøyrande i Asia. Dei to artane har lik fjørdrakt, men mykje ulikt læte. Begge artane blir somme stader røkta som fjørfe.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rlFakta