Valdres er det vestlegaste av dalføra i Oppland i Innlandet fylke. Området femner storparten av nedbørsområdet kring Begnavassdraget, nord for Sperillen i Ådal, og øvre del av landskapsområdet Etnedal med fjelltraktene kring. Den sørlegaste delen av Valdres består av Begnadalen og sidedalen Hedalen. I nord høyrer Valdresflye sør i Jotunheimen med og områda vestover mot Filefjell, i tillegg til øvre del av Etnedalen i nordaust. Dei største elvane i Valdres er Begna og Etna. Dei største innsjøane er Tyin, Bygdin og Vinstri. Den største tettstaden i dalen er Fagernes.
Namnet Valdres er i administrativ tyding brukt om Valdres prosti og Valdres tingrettsdistrikt som begge svarar til det tidlegare Valdres futedøme. Kommunane i Valdres er Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Etnedal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang og saman utgjer desse om lag 18 000 innbyggjarar og eit flatemål på 5 430 km2.