Valle kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Adm.senter | Valle i Setesdal | ||
Areal | 1 265 km² | ||
• land | 1 135 km² | ||
• vatn | 130 km² | ||
Folketal | 1 205 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Steinar Kyrvestad (Ap) | ||
Kommunenr. | 4221 | ||
Valle kommune 59°09′51″N 7°28′21″E / 59.164167°N 7.4725°E | |||
Kart som viser Valle kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Valle | |||
Nettstad: www.valle.kommune.no |
Valle kommune er ein kommune i Agder fylke. Kommunen ligg i Setesdal og grensar i nord mot Bykle og Tokke, i aust mot Fyresdal, i sør mot Bygland, og i vest mot Sirdal. Valle kommune fekk sine nåverande grenser i 1962 då dei tidlegare kommunane Valle og Hylestad vart slegne i hop.
Busetnaden i Valle er spreidd og fylgjer dalen langs elva Otra. Det er bygder ved Rysstad og administrasjonssenteret Valle. På vestsida av dalen i kommunen når heiane opp til 1434 moh. og på austsida 1337 moh. I fjellet er det vatn rike på fisk og gode fjellbeite.