Vancouver | |||
by | |||
Vancouver i 2005.
| |||
Motto: By Sea, Land and Air, We Prosper – «Ved hav, land og luft har me framgang» | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Britisk Columbia | ||
Høgd | 76 m | ||
Areal | 115 km² | ||
Folketal | 662 248 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | om lag 1867 | ||
Tidssone | EST (UTC-5) | ||
• Sommartid | EDT (UTC-4) | ||
Postnummer | M | ||
Retningsnummer | 416 og 647 | ||
![]() Vancouver 49°15′39″N 123°06′50″W / 49.260833333333°N 123.11388888889°W | |||
Wikimedia Commons: Vancouver |
Vancouver er ein by ved stillehavskysten i provinsen Britisk Columbia i det sørvestlege Canada. I 2021 hadde byen 662 248 innbyggjarar, og er den største av dei vestlege canadiske byane. Vancouver er ein del av regionen Metro Vancouver som hadde 2 631 431 innbyggjarar i 2016.[2]
Vancouver er det tredje største storbyområdet i Canada og det økonomiske og kulturelle senteret for den vestlege delen av Canada. Byen har ein svært samansett befolkning og er mellom anna kjend for sin Chinatown, som er den største i Canada og den nest største i Nord-Amerika. Den store delen innvandrarar er i det alt vesentlege innvandra frå Asia. Det finst også ganske mange menneske med skandinaviske røter i byen.
Byen blei oppkalla etter den britiske kapteinen George Vancouver som var på oppdagingsreise i området der i 1792. Frå 1867 blei det etablert store sagbruk i området Gatown, og i 1886 fekk staden byprivilegium. Då ein transkontinental jernbane knytte Vancouver til Vest-Canada året etter, fekk den naturlege hamna i byen stor betydning for handelen med Asia. Hamna er i dag den travlaste i Canada og og nummer fire blant hamnene i Nord-Amerika målt etter godsmengde. I dag er handel, treforedling, turisme, underhaldningsindustri og høgteknologi viktige næringsvegar.
Vancouver var vertsby for Dei olympiske vinterleikane 2010, saman med Whistler som ligg 125 km lenger nord.