Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Venskapsby er eit omgrep som vert brukt for å skildre samarbeidsavtalar mellom byar på ulike stader for å promotere kulturelle og/eller handelsband. Denne typen avtale finst også mellom ulike administrative einingar som fylke, regionar, distrikt osv.[1]
Det moderne konseptet for venskapsby vart utvikla etter Andre verdskrigen i 1947, og hadde som formål å byggje og oppmuntre venskap og forståing mellom ulike land og mellom tidlegare fiendar som innsats for fred og forsoning,[2][3] og oppfordre handel og turisme. Rundt 2000-talet vart denne typen avtale ofte brukt for å opprette strategiske internasjonale handelsband mellom byar.[4]