Verdsutstillinga i Paris i 1855, fransk Exposition Universelle, var ei verdsutstilling som blei halden på Marsmarka i Paris frå 15. mai til 15. november 1855. Det fulle offisielle namnet hennar var Exposition Universelle des produits de l'Agriculture, de l'Industrie et des Beaux-Arts de Paris 1855.[1] Ifølgje den offisielle rapporten vitja ca. 5 millionar menneske utstillinga.[2] Ho følgde Great Exhibition i London frå 1851 og hadde sitt eige svar til Krystallpalasset der i form av Palais d'Industrie. Den einaste bygningen som er att frå utstillinga i dag er Théâtre du Rond-Point.
Kunstverka blei stilte ut i ein eigen paviljong på Avenue Montaigne.[3] Det blei vist verk av kunstnarar frå 29 land, som dei franske kunstnarane François Rude, Ingres, Delacroix[3] og Henri Lehmann[4] og dei britiske kunstnarane William Holman Hunt og John Everett Millais.[3] Frå Noreg deltok mellom anna Knud Geelmuyden Bull,[5] J.C. Dahl,[6] Aasta Hansteen,[7] treskjeraren Ole Jacobsen Laulo,[8] Morten Müller[9] og Adolph Tidemand.[10] Gustave Courbet hadde fått fleire av måleria sine refusert, og stilte ut ein ein mellombels Pavillon du Réalisme på sida av den offisielle utstillinga.
I samband med utstillinga bad Napoleon III om eit klassifikasjonssystem for dei beste bordeauxvinane i Frankrike, som kunne stillast ut for vitjande frå heile verda. Vinhandlarar rangerte vinar etter omdømet og salsprisen til ulike château, som på den tida var direkte knytt til kvalitet. Resultatet førte til den viktige offisielle klassifiseringa av bordeauxvin frå 1855.[11]