Verdsveven

Verdsveven (engelsk World Wide Web eller berre the Web) er eit nettverk av hypertekst-sider (vevsider eller websider) på Internett som følgjer Hypertext Transfer Protocol (HTTP).[1] Han er i dag den mest brukte tenesta på nettet, og er gjerne dét dei fleste meiner når dei snakkar om å bruka nettet.

Ei webside ligg på, eller vert generert av, ein webtenar. Webtenarane kommuniserer med brukarane sine nettlesarar for å levera innhaldet av dei sidene brukarane ber om (i daglegtale «går til» eller «vitjar»). Hypertekst-innhaldet er pakka inn i formateringskodar som fortel nettlesaren korleis han skal presentera tekst og grafikk (og eventuelt lyd) for brukaren.

For å kunna visa ei webside som ligg på Verdsveven, treng nettlesaren ein URL (Uniform Resource Locator), til dagleg kalla «web-adresse». Eit døme på ein URL er http://nn.wikipedia.orgview_html.php?sq=crain_ford&lang=nn&q=Verdsveven.

Andre typar filer (enn hypertekst) kan òg knytast til Verdsveven, t.d. PDF-dokument, vanleg tekst eller bilete. Ei webside kan òg fungera som «portal» til heilt andre funksjonar på Internett, t.d. filoverføring eller e-post.

Alle som vil, kan leggja ut materiale på Verdsveven. Ein treng berre ei datamaskin og ei Internett-tilkopling. Det finst nesten ingen sensur eller kontroll av det som vert publisert. URL-ane til sider ein vitjar ofte, kan ein i dei fleste nettlesarar lagra i ei liste av favorittar. Men for å finna fram i dei mange millionane av andre sider, er det nyttig å bruka ein søkjemotor.

Sjølv om han er ei ganske ny oppfinning, har Verdsveven i dag truleg over 800 millionar brukarar (sjå tal nedanfor).

  1. «What is the difference between the Web and the Internet?». W3C Help and FAQ. W3C. 2009. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 16. juli 2015. 

Verdsveven

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne