Vest er ei av dei fire himmelretningane, kompassretningane eller verdshjørna og kan forkortast med bokstaven V (eventuelt W for west på engelsk). Ho er motsett av aust og har rette vinklar til nord og sør. Ordet vest er i slekt med det latinske ordet vesper som tyder kveld og er ein referanse til solnedgangen.
Vest er motsett av retninga jorda roterer om sin eigen akse. Difor er det òg i den retninga at ein ser solnedgangen på eit av jamdøgera (vårjamdøgn eller haustjamdøgn), eller heile året om ein er ved ekvator.
Dersom ein dreg rett vest, fylgjer ein ein breiddegradssirkel, som dersom ein ser vekk frå ekvator, ikkje er ein storsirkel.