Vestfold og Telemark fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Austlandet | ||
Adm.senter | Skien (fylkeskommune) Tønsberg (fylkesmann) | ||
Areal | 17 465,92 km² | ||
Folketal | 429 101 (1. januar 2023) | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Per Arne Olsen | ||
Fylkesordførar | Terje Riis-Johansen (Sp) | ||
Fylkesnummer | 38 | ||
Vestfold og Telemark fylke 59°30′N 9°00′E / 59.5°N 9°E | |||
Wikimedia Commons: Vestfold og Telemark | |||
Nettstad: https://vtfylke.no/ |
Vestfold og Telemark fylke er eit tidlegare norsk fylke. Det var sett saman av to geografiske regionar, Telemark fylke og mesteparten av Vestfold fylke. Dei to fylka blei vedtekne slått saman til eitt fylke av Stortinget 8. juni 2017 med verknad frå 1. januar 2020.[1] 14. juni 2022 vedtok Stortinget å løysa fylket opp og gjenopprette Telemark og Vestfold som eigne fylke att den 1. januar 2024.[2]
Fylkesvåpenet til Vestfold og Telemark fylke viser eit gullfarga vikingskip og akantus på raud bakgrunn. Vikingskipet er inspirert av Klåstadskipet.[3]
Fylkesadministrasjonen låg i Skien (fylkeskommunen) og Tønsberg (statsforvaltaren).[4] Per Arne Olsen var statsforvaltar fram til 2022.[5]
Personar som kjem frå Vestfold og Telemark fylke blir kalla for vestfoldingar og telemarkingar/teledøl.